Ruspolitikk = reparasjonspolitkk?
«Ruspolitikk» var temaet for Rus&Samfunn nr 1/2010. Det er ein spennande tema for den som eit langt liv har stått midt oppe i feltet, gjennom organisasjonsarbeid (frivillig sektor), politisk arbeid, informasjons- og skolearbeid, og reparasjonsarbeid (barnevern).
Men også denne gongen blir ein litt skuffa. Den langsiktige trenden for rusfeltet er svekka frivillige organisasjonar, stadig fleire tilsette i behandlings- og reparasjonsarbeid overfor russkadde og deira familiar, stadig sterkare økonomiske interesser i rusmiddelomsettinga, og stadig færre politikarar som ser ruspolitikk i nær samanheng med kulturpolitikk, barne- og ungdomspolitikk, idrettspolitikk, integreringspolitikk og sosialpolitikk. Ruspolitikk er eit felt for spesielt interesserte, og ikkje noko å gjere karriere på. Kanskje heng det også saman med «profesjonaliseringa» innanfor rusfeltet og i politikken: det er stadig færre «amatørar» som kjem i kontakt med rusfeltet gjennom edruskapsnemnder, barnevernsarbeid etc.
Derfor blir det også overvekt av «reparasjonsstoff» i temaheftet om Rus& Samfunn 1/2010, sjølv om det sjølvsagt også er viktig. Og her er viktige oppslag som antyder breidda i feltet, t.d. om forholdet mellom spesifikk rusinformasjon i forhold til generelt livssstils- og forebyggingsarbeid, om betydninga av debutalder for alkohol, om forskingas plass i feltet. Men likevel: når vi veit kor viktig den nasjonale og ikkje minst den lokale ruspolitikken er, og når vi har kunnskap om dei viktigaste verkemidla i ruspolitikken (dvs. dei regulatoriske verkemidla), kvifor fokuserer vi da ikkje meir tydeleg på kva som skjer rundt desse ?
Skriv ut
Tips en venn
Kommentarer til artikkelen
Legg til ny kommentar: