-Et redaksjonelt uavhengig magasin om rusfeltet

For to år sidan gjekk rusfeltet i fakkeltog for å protestere mot nedleggingar. ​– Helseføretaka har gjennom to tiår bevist at dei korkje er rigga for eller i stand til å forvalte eit heilskapleg, mangfaldig og ideelt rustilbod, skriv Erling Pedersen.  (Arkivoto: Tobias Willumstad)
For to år sidan gjekk rusfeltet i fakkeltog for å protestere mot nedleggingar. ​– Helseføretaka har gjennom to tiår bevist at dei korkje er rigga for eller i stand til å forvalte eit heilskapleg, mangfaldig og ideelt rustilbod, skriv Erling Pedersen. (Arkivoto: Tobias Willumstad)

Helsebyråkratane sitt stygge trylletriks

– Vi skapte eit helsebyråkrati som sviktar ruspasienten. Når helseføretaka påstår at behovet for rusbehandling går ned, måler dei berre effekten av si eiga rasering, skriv Erling Pedersen.

Dette er eit lesarinnlegg. Eventuelle meiningar i teksten står for skribenten si rekning.

Erling Pedersen er tidlegare direktør for Bergensklinikkene og tidlegare leiar for Rusfeltets hovudorganisasjon (tidlegare Fagrådet).

Framleis og nok  ein gong kan viktige delar av det ideelle rustilbodet i Noreg bli utradert. No står vi framfor ein ny anbodsrunde i Helse Sør-Øst. Tradisjonsrike institusjonar som Tyrilistiftelsen, Fossumkollektivet, Veslelien og Arken kan anten mista avtalane sine eller få kutta rammene sine i dei nådelause anbodsrundane til helseføretaka

​For pasientar og pårørande opplevast dette som eit raseringstog i sakte kino. Men dette er korkje eit uhell eller eit "fagleg skifte". Det er framhaldet på ein 20 år lang strukturfeil – eit system eg sjølv var med på å forme.

 

​I det augeblikket helseføretaka overtok rusfeltet, vart pasienten kanskje medisinsk stabilisert, men altfor ofte sosialt havarert

​Da Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) vart lagt under dei regionale helseføretaka i 2004, vart rusbehandling i stor grad tvinga inn i ein medisinsk og sjukehusbasert mal. Den bedriftsøkonomiske logikken til helseføretaka stilte krava: korte liggetider, medisinsk spesialistdekning og rask gjennomstrøyming.

​I det augeblikket helseføretaka overtok rusfeltet, vart pasienten kanskje medisinsk stabilisert, men altfor ofte sosialt havarert.
​Dette var stikk i strid med den klare føresetnaden frå Stortinget da ansvaret vart overført frå fylkeskommunane: Dei ideelle og langvarige institusjonane skulle ivaretakast som ein fullverdig og integrert del av helhetstilbodet. I staden vart dei målte på dei snevre premissane til sjukehusa.

​Vi har sett denne filmen før

​Det som tapte i poengskjema, var det som over tid faktisk bergar liv for ei stor gruppe rusavhengige: tid, tryggleik, sosialpedagogikk, relasjonsbygging og langvarig rehabilitering i trygge fellesskap.

Hundrevis av ideelle langtidsplassar vart rydda vekk under anbodspresset frå helseføretaka

​Vi har sett denne filmen før. I åra fram mot 2013 – under Stoltenberg II-regjeringa, der Jonas Gahr Støre var siste helseminister – opplevde rusfeltet eit tilsvarande havari.

 Hundrevis av ideelle langtidsplassar vart rydda vekk under anbodspresset frå helseføretaka. Da Solberg-regjeringa tok over hausten 2013, var situasjonen så akutt at dei omgåande måtte kjøpe opp rundt 250 nye behandlingsplassar for å dekke opp for bortfallet.

Når sjukehusøkonomien knakar, vert dei eigne offentlege sjukehusavdelingane til føretaka skjerma først

​No slår pendelen tilbake med full tyngde. Med avviklinga av Fritt behandlingsvalg og nye kuttrunder i helseføretaka, sit vi i akkurat den same fella. Når sjukehusøkonomien knakar, vert dei eigne offentlege sjukehusavdelingane til føretaka skjerma først. Dei eksterne kjøpa hos dei ideelle aktørane vert brukte som ein rein budsjettsaldostopp.
​

Når helseføretaka no forsvarar raseringa med at det er "mindre etterspørsel" etter rusbehandling, står vi overfor eit byråkratisk trylletriks av dei sjeldne.

Konkluderer med at «behovet har sunke»

​Dette er tilbodsstyrt etterspørsel i sin mest kyniske form: Først fjernar ein ein heil behandlingsvegg og låser døra til dei langvarige, relasjonsbaserte kollektiva. Deretter sluttar fastlegar, NAV og kommunar å henvise til tilbod som ikkje lenger finst. Til slutt peikar helsebyråkratane på dei synkande henvisningstala og konkluderer med at "behovet har sunke".

​Det er som å stengje den einaste bussruta i bygda, for så å vise til tomme busstopp som bevis på at folk ikkje har behov for å reise. Helseføretaka måler ikkje det reelle behandlingsbehovet til befolkninga – dei måler berre den knusande effekten av si eiga innstramming.
 
Pasientane betaler prisen

​Prisen for denne anbodskarusellen vert ikkje betalt på styremøta i helseføretaka. Han vert betalt av pasientar som opplever avbrotne behandlingsforløp, av utslitne pårørande, og av fagmiljø der tiår med opparbeidd kompetanse vert pulveriserte over natta.

Dei ideelle og langvarige behandlingstiltaka må sikrast gjennom eigne, langsiktige rammeavtalar

​Helseføretaka har gjennom to tiår bevist at dei korkje er rigga for eller i stand til å forvalte eit heilskapleg, mangfaldig og ideelt rustilbod. Det er på tide at Stortinget tar ruspolitikken og styringa tilbake frå helsebyråkratane. Dei ideelle og langvarige behandlingstiltaka må sikrast gjennom eigne, langsiktige rammeavtalar som vert heva over 4-årige anbodsrunder.

​Skal vi ha ei rusbehandling som faktisk møter heile mennesket, må behandlingsveggen byggjast opp igjen – for godt.

 

 

Les mer om følgende emner: