-Et redaksjonelt uavhengig magasin om rusfeltet
-Et redaksjonelt uavhengig magasin om rusfeltet
— Det viktigste i jobben min er å ivareta samfunnsoppdraget vårt, og saman med medarbeidarar bidra til gode tenester til målgruppa. Ansvar for eit forsvarleg arbeidsmiljø for omlag 100 medarbeidarar tilknytta mottakssenteret, er ei stor og avgjerande oppgåve for å kunne arbeide godt med samfunnsoppdraget.
— Prindsen mottakssenter er eit helse- og sosialfagleg lavterskeltilbud for menneske med rusrelaterte utfordringar. Vårt samfunnsoppdrag er å bidra med skadereduserande tiltak for å redde liv, forebygge skade og fremme mestring og endring med utgangspunkt i individuelle behov. Kartlegging av kva som oppleves viktig for den enkelte står sentralt i arbeidet. Mottakssenteret skal fremme samarbeid og vidareformidling til ordinært hjelpeapparat. Ein varig heim og gode lokalbaserte tenester til målgruppen er et overordnet mål.
Målgruppa er personar over 18 år med rusrelaterte problem. Prioritert innsats blir retta mot personar med omfattande rusbruk og tilleggsutfordringar som somatisk og psykisk helseproblematikk, ustabil busituasjon og sosiale og økonomiske vanskar.
Prindsen mottakssenter tilbyr smittevernsutstyr, kartlegging av den enkelte sin situasjon og behov, rom for inntak av rusmidlar i trygge og hygieniske omgivelsar, helsetenester, akuttovernatting, hjelp til heimreise, og muligheit for oppfølging og videformidling til ordinært hjelpeapparat. Mottakssenteret tilbyr i tillegg kunnskapsformidling og veiledning av samarbeidsparter.
Tjenester som tilbys er organisert i tre team og en fellesteneste som dekkar viktige funksjoner for heile mottakssenteret; Akuttovernattingen, Mottaksteamet og Brukerrommet. På sommar og haust dei tre siste åra har mottakssenteret invitert målgruppa inn i bakhagen for servering, kvile og kontakt med våre tenester.
Hvordan ser en typisk arbeidsdag ut for deg?
— Ofte med mange møter og arbeid på kontoret. Dersom mulig vil eg helst vere innom alle tre avdelingar og møte teamleiarar, medarbeidarar og brukarar.
Hvorfor har du valgt å jobbe med dette?
— Utdanning som sosialarbeidar og seinare leiar var verdibaserte valg. Ein samfunnsengasjert familie og nokre oppveksterfaringar ga innsikt i å vere utafor. Det gir fortsatt energi og engasjement til å arbeide for inkludering. Personar i vår målgruppe er ofte ikkje velkomne og er utestengt frå viktige fellesskap.
Hva er det viktigste du har lært gjennom å jobbe i rusfeltet?
— Arbeidet vårt må basere seg på kunnskap, og ein rusreform er heilt nødvendig. Målet må vere gode liv det er verdt å leve. Førestillinga om at det fins eit skilje mellom «dei» og «oss» er moraliserande og til hinder. Fleirtalet av norske borgarar rusar seg og brukar medisin for sine plager. Dei færraste vil leve rusfritt eller utan medisin dei opplever nødvendig. Forskjellen er val av rusmiddel/ medisin, inntaksmåte, styrke og mengde, hyppigheit, utfordringar med helse og levekår. Alle rusmiddel og medikament har både ønska effekt og skadepotensiale. Straff er skadeleg, og bidrar ikkje til gode liv.
Hva burde vært gjort bedre eller annerledes i jobben din?
— Strategisk arbeid og god planlegging har for lav prioritet. Prindsen mottakssenter gjennomgår stadige endringar og ombygging. Mottakssenteret har ikkje nødvendig arbeidsro til å fullføre påbegynte oppdrag, og kapasiteten på våre tenester er svært fylt. Skulle gjerne hatt meir kapasitet til å arbeide med målgruppa sitt behov for fleire senter der dei tilbys nødvendige tenester som reint brukerutstyr, brukerrom, sosial – og helsefagleg hjelp, muligheit for fellesskap og arbeid.